T-Amp på nye høgtalarar
Eg fekk etter mitt førre innlegg oppmodingar om å blogge på nynorsk i staden for bokmål. Sidan nynorsken min er litt redusert (les: skammeleg dårleg), ber eg om at lesarar viser forståelse for dette. Konstruktiv kritikk tek eg likevel imot med glede!Over til nyhende heime i stova i Loddefjord! Som eg skreiv i det førre innlegget mitt har eg kjøpt meg CD-spelar til stereoanlegget mitt. Skikkelege greier. Problemet var berre at dette gjorde at eg irriterte meg om mogleg endå meir over høgtalarane mine som eg aldri har vore heilt nøygd med. Lukka var at ein av mine kollegaer i Black Box hadde bestemt seg for å selje sine høgtalarar som tok litt vel mykje plass i stova. Etter litt prøvelytting og pruting, var tårna på plass. Høgtalarane er baserte på eit kit frå Eltek med nokre modifikasjonar. Blant anna er aluminiumspanela i pianolakk så vidt eg forstår spesialbestilte frå Bang og Olufsen. Dei er litt vel store (ruvar ca 1.65 over bakken), men spelar i alle fall nydeleg..
Samtidig med dette kjem eg over ein artig liten forsterkar på nettet som vert kalla T-amp. Han er basert på TA 2024 chipsettet frå Tripath, og er ein såkalla klasse-T forsterkar. Dette er så vidt eg forstår ei vidareutvikling og forenkling av klasse-D. Forsterkaren yt fattige 9 watt i 4ohm og krev ekstern 12V straumforsyning eller 8 stk. AA batteri(!!). Den vesle, stygge plastboksa kan kjøpast hos ThinkGeek.com på internett for omlag 300kr inklusive frakt med DHL express frå USA! Ein skulle tru at ei slik lita plastboks let omtrent som ho såg ut: Tynn og skranglete... Men der tok eg, og tusenvis av andre feil. Lyden er berre heilt utruleg bra. Eg vil så så langt som å seie at dette må vere eit av dei mest revolusjonerande produkta innan lyd og bilde dei siste tiåra! Eg prøvde først forsterkaren med eit par gamle sjølvbygde høgtalarar eg hadde ståande. Det spelte fantastisk bra, men enno betre vart det då eg kopla til dei nye høgtalarane. Eg tvila på at ein så liten boks kunne vere i stand til å drive så store høgtalarar, men det var ingen problemer. Effektmessig kan digitale forsterkarar sammanliknast med rørforsterkarar. 10-20 watt held i lange baner. T-amp har allereie fått mykje positiv omtale i media, mellom anna av Lyd og Bilde. men det er vanskeleg å fatte det før du høyrer det sjølv. Forsterkaren spelar på mange område betre enn min Yamaha stereoforsterkar på 2x50 Watt som er 10 gongar så dyr...






